• Borgen Advokatar

Mellom barken, veden og naboen.

av advokat Monica Korsvik Sætre

Trer er årsaka til mange konfliktar mellom naboar: Naboen kan ha trer på sin eigedom som tek utsikt/sol på eins eigedom, greiner/røter veks inn på eins eigedom eller trea kan vere i ein slik tilstand at det er ein fare for at dei skal gjere skade på eins eigedom.


I nabolova er det fleire føresegner som regulerer denne type problemstillingar nærare. Lova gjeld mellom naboar så framt noko anna ikkje følgjer av avtale eller andre særlege rettshøve.


For det første har nabolova § 12 reglar om trær, greiner og røter som overskrid grenselina. Røter som stikk inn på naboeigedom og er nemnande til skade eller ulempe, har naboen rett til å kutta eller skjera av etter grenselina og eigna til seg. For tre og greiner gjeld denne retten berre når varsel er gjeve til eigaren og dei så ikkje er borttekne innan rimeleg tid. Føresegna gjeld ikkje for tre som fungerer som grensemerke eller i dei tilfella der det er skog på begge sider av grenselina.


For det andre har nabolova § 3 ein avstandsregel for trær på naboeigedom. Føresegna gjeld for tre som står nærare hus, hage, tun eller dyrka jord på naboeigedomen enn ein tredjepart av trehøgda. Avstanden skal ikkje reknast frå eigedomsgrensa, men frå treets ytterstamme til hus, hage, tun eller dyrka jord. I byggefelt vil dette likevel som hovudregel bety nabogjerde/grense.


Avstandsregelen inneber til dømes at dersom grunneigar har eit tre på over 6 meter ståande nærare hagen til naboen enn 2 meter kan naboen ha krav på å få det fjerna/avskore. Det er likevel ikkje nok til krevje fjerning/avskjering av treet at avstandsvilkåret er oppfylt. Det er og eit vilkår at det ikkje er nemnande om å gjera for eigaren eller for naturmangfaldet på staden å ha treet.


Kva som er nemnande om å gjera i den einskilde saka, rettar seg etter dei tilhøva som har noko i seia for eigaren sjølv, men ikkje etter hans subjektive vurdering. I vurderinga kan det takast omsyn både til eigaren sine økonomiske og ikkje økonomiske interesser. Det kan leggjast vekt på om trea skaper ly for vind, hindrar innsyn eller representerer ein estetisk verdi.


I tillegg er det eit vilkår at treet må vere til skade eller særleg ulempe for naboen. Det er ikkje meininga at ulempe av kva slag som helst skal vere nok. Naboen må ha ei serleg ulempe av treet om han skal kunne reise noko krav. At treet stengjer for utsikt eller sol kan i nokre tilfelle vera nok. Sjølv om avstandsregelen i og for seg er klår nok, vil vurderinga av om dei andre vilkåra i føresegna er oppfylt, likevel kunne reise tvilsame skjønsspørsmål.


For det tredje vil den generelle regelen om tålegrense i nabolova § 2 kunne kome til bruk i saker som gjeld trer. Denne føresegna er generell og seier at ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som er urimeleg eller uturvande til skade eller ulempe på naboeigedom. Sjølv om eit tre ikkje oppfyller avstandskrava i § 3, kan det tenkast at treet er så mykje til ulempe eller skade for naboeigedomen at vilkåra i § 2 er oppfylt.


Ein tilstand som er i strid med § 2 eller 3 i lova har naboen krav på å få retta. Sjølv om lovas vilkår i §§ 2 eller 3 skulle vere oppfylt, må ein likevel vere klar over at lova ikkje gjev rett til å gå i gang med å felle/avskjere trer på eiga hand. Dersom eigar av treet motset seg felling/avskjering med tilvising til at vilkåra ikkje er oppfylt og ein ikkje kjem fram til noko semje, må saka eventuelt løysast i domstolsapparatet.