• Borgen Advokatar

Fallgruven alle styremedlemmer bør kjenne til

Styreansvar


Innleiing

Ein ser i aukande grad ein tendens til at styremedlemmer

vert halde personleg ansvarleg for betydelege beløp for feil

og/eller unnlatingar styret i selskapet har gjort. Eit styremedlem

kan bli ansvarleg for heile sin personlege formue for slike feil

og/eller unnlatingar. Også styremedlem i burettslag og sameige

vil kunne verte erstatningsansvarlege.


Advokat Irmelin Danielsen


Pliktar i styret

Eit slikt styreansvar er eit individuelt ansvar for kvart einskild styremedlem. Dersom fleire styremedlemmer er ansvarleg for same skade, vil dei likevel hefte solidarisk for det økonomiske tapet.


Styret har blant anna plikt til å gjennomføre ei forsvarleg forvaltning av selskapet. Brot på denne plikta vil kunne leie til eit erstatningsansvar for styret. Ansvar kan oppstå både ved unnlatingar og ved aktlause avgjerder. Styret er til dømes pålagt ei streng handleplikt dersom selskapet sin eigenkapital ikkje er forsvarleg i forhold til risikoen ved og omfanget av verksemda. Det einskilde styremedlem har òg ei plikt til å opptre lojalt ovanfor selskapsinteressene, framføre eigne eller andre særinteresser.


Vidare har styret plikt til å føre tilsyn med den daglege leiinga og resten av verksemda. Bakgrunnen er at styret treng informasjon for å kunne ta korrekte avgjerder som ledd i forvaltninga av selskapet, samt at styret har ei tilsynsforplikting som kontrollerande organ. Styret si plikt til å halde seg orientert om til dømes den økonomiske situasjonen i selskapet er avhengig av verksemda og andre relevante forhold. Det vert stilt strengare krav til styret si oppfølging av økonomiske forhold i periodar der selskapet har anstrengjande økonomi, enn i periodar der situasjonen er meir normal.


Vurderingar ved styreverv

I lys av det personlege ansvaret som følgjer med eit styreverv, bør ein tenkje seg godt om før ein tar på seg eit slikt verv. Ein bør blant anna vurdere om ein er kompetent nok til å sitte i eit styre, om ein har tilstrekkeleg med tid til å sitte i eit styre og kva godtgjersle ein eventuelt vil få for å sitte i styret. Vidare bør ein setje seg godt inn i selskapet, medrekna korleis selskapet vert drevet, kva rutinar selskapet har, kven det er som er aksjeeigarar, og ikkje minst kven andre som sit i styret.

Ein bør òg sjekke om selskapet har styreansvarsforsikring, eventuelt krevje slik ansvarsforsikring, og gjennomgå denne. I tillegg bør ein krevje skadeslausfråsegn frå selskapet, og gjennomgå denne. Skadeslausfråsegn inneberer at selskapet held styremedlemmen skadeslaus for eventuelle krav vedkommande får mot seg i høva rolla som styremedlem.


Når ein først har tatt på seg eit styreverv bør ein etablere rutinar, eventuelt utarbeide enda betre rutinar, for styrearbeidet, sørgje for protokollføring av alle vedtak, særleg vedtak ein reagerer på eller ikkje er samd i, samt sjekke og krevje at styreansvarsforsikringa til ei kvar tid vert betalt. I verste fall bør ein trekkje seg frå styret.