Jordskifte

Me medverkar i jordskiftesaker, og har fleire erfarne advokatar på dette feltet.

Spørsmål som oppstår i slike sakar kan til dømes vere kva ein bruksrett gir nærare rett til (til dømes ein ferdselsrett, vegrett,  burett, beiterett m.m.), eller korleis den eksisterande bruksretten  kan utnyttast innanfor avtalen mellom partane. Vidare kjem spørsmål om grensesetjing, om tidlegare avtalar har falt bort etter reglane om hevd, om byte av grunn for å lage til meir tenlege eigedomar, m.m.

Der ikkje partane lukkast med å bli einige, og saka må avklarast i jordskifteretten eller tingretten, medverkar me som prosessfullmektig.

Advokathjelp i desse sakene er ofte dekka av rettshjelpsforsikring, gjennom forsikring av ein fast eigedom.